Politiet etterforskar Askøy kommune i vassmitte-saka

Vest politidistrikt opnar etterforsking mot Askøy kommune. Etter det TV 2 erfarer, er årsaka mogleg brot på drikkevassforskrifta.
innenriks

– Vi har no vedtatt å opne etterforsking av denne saka, men ønsker ikkje å gå inn på grunnlaget for avgjerda vår, seier politiinspektør Frode Karlsen til kanalen.

Etter det TV 2 erfarer, skal grunnlaget for at politiet opnar etterforsking, vere mogleg brot på drikkevassforskrifta.

Tysdag vart det stadfesta funn av Campylobacter i drikkevatnet på Askøy i Hordaland. Dette er ein bakterie som kan gi mage- og tarminfeksjon. Rundt 2.000 personar har truleg vorte sjuke som følgje av drikkevatnet i kommunen.

Onsdag for ei veke sidan døydde ein eitt år gammal gut frå Askøy, men det er ukjent om det var på grunn av Campolybacter-utbrotet. Det er førebels ikkje kjent kva som var dødsårsaka. Politiet har allereie opna etterforsking av denne saka.