Sjuk og død villaks i fleire elvar i Sør-Noreg

Dei siste vekene er det funne død og sjuk villaks i fleire elvar. Mattilsynet og Veterinærinstituttet jobbar med å undersøkje årsaka.
innenriks

Det er førebels ikkje avklart om det dreier seg om eit utbrot av noko smittsamt eller om fisken i elvane lid av same sjukdom, opplyser Mattilsynet.

Den første meldinga fekk Mattilsynet 24. mai om sjuk fisk i Enningdalselva i Østfold. Fisk her hadde tydelege sår på finnane og blødingar i huda under buken. Sidan har det komme meldingar om sjuk eller død laks med liknande symptom i Sandvikselven i Akershus, Tovdalselva i Aust-Agder, Mandalselva i Vest-Agder, Bjerkreimselva i Rogaland, Emblemselva i Møre og Romsdal og Otra i Agder.

Det er tatt prøver frå fleire stader som skal analyserast.

Førebels er det ikkje påvist nokon sjukdom i Enningdalselva og Sandvikselven. Resten av prøvene er ikkje behandla enno.

– Førebels har vi ikkje nokon konkret mistanke til kva fisken lid av. Derfor jobbar vi breitt, seier Ole Bendik Dale, seksjonsleiar for forskingsseksjonen for akvatisk biosikkerheit ved Veterinærinstituttet.

Mattilsynet minner om at det er forbode å flytte levande eller død fisk mellom vassdrag. Dette for å hindre smittespreiing.

Båtar og fiskeutstyr som er brukt i eit vassdrag, skal desinfiserast før dei blir flytta til andre vassdrag.

(©NPK)