Få får prisavslag for skjeggkre i bustader

Det kan sjå ut til at det har vorte vanskelegare å få prisavslag for kjøparar som finn skjeggkre i bustaden sin.
innenriks

Den siste månaden har Finansklagenemnda behandla ni saker som har handla om skjeggkre. Berre i éi av sakene har bustadkjøparen fått medhald, skriv Dagens Næringsliv.

Avisa har òg gått gjennom rettssaker frå dei siste tre månadene og har funne sju saker der skjeggkre har vore eit tema i samband med bustadkjøp. I berre éin av desse sju sakene har saksøkaren vunne fram med krav om prisavslag.

Insektet skjeggkre vart først oppdaga i 2013. Førekomsten har vore aukande i Noreg. I fjor vart forsikringsselskapet Protector påført eit tap på 146 millionar kroner på grunn av skjeggkre.

(©NPK)