Norsk sirkusbransje kjempar for å overleve

Dei to sirkusa som er att i Noreg, Arnardo og Agora, fryktar for eksistensen til bransjen. Onsdag møter dei i Stortinget for å be om betre økonomiske kår.
innenriks

Are Arnardo og Jan Ketil Smørdal, direktørane for Cirkus Arnardo og Cirkus Agora, skal onsdag møte stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp).

Dei to sirkusa slit begge med økonomien og er dei siste sirkusa som framleis er i drift i Noreg. Merano og Zorba har måtta legge ned drifta av mangel på inntekter.

– Det er positivt at vi endeleg kan stå saman om dei utfordringane vi møter i dag, og vi er glade for at Silje Hjemdal har takka ja til å møte oss, seier Arnardo.

Smørdal er samd og understrekar at det tradisjonelle sirkuset står i fare for å forsvinne.

– Eg set stor pris på at Arnardo og Agora har funne saman og kan fronte dei utfordringane norske sirkus står overfor. Det hastar med å få på plass løysingar. Tradisjonelt sirkus er den einaste kunstforma som ikkje får noka form for offentleg støtte i Noreg, og vi meiner krava våre er svært nøkterne, seier Smørdal.

Under møtet på Stortinget vil dei hovudsakleg be om lette i avgiftene for å kunne betre situasjonen på kort sikt. Dei trekker mellom anna fram utfordringar som auka kostnader til bompengar og ferjer, auka drivstoffkostnader – og lang saksbehandlingstid for artistar og arbeidarar i UDI.

(©NPK)