Omsetninga i De norske Bokklubbene halvert sidan 2012

Omsetninga i De norske Bokklubbene fall i fjor med 7,5 prosent til 211,7 millionar kroner.
innenriks

– Den fallande omsetninga er eit resultat av søkkande medlemstal, og det er ei utvikling vi har sett over fleire år, seier administrerande direktør Kari Møller i De norske Bokklubbene til Finansavisen.

I 2012 var omsetninga på 446,5 millionar kroner, altså dobbelt så mykje som i 2018.

– Med dei bransjeendringane og endringane i rammevilkåra som vi har hatt, kjem ikkje nedgangen overraskande, seier Møller.

Fram til 2005 hadde bokklubbane høve til å gi kundane sine 25 prosent rabatt på nye bøker. Etter dette vart rabatten halvert til 12,5 prosent.

– Men så langt i år har vi berre hatt ein svak nedgang i medlemstala, og det er vi godt fornøgde med, seier Møller.

Bokklubben Nye Bøker er framleis den mest populære. Medlemsmassen til bokklubbane er kvinnedominert, og gjennomsnittskunden er like under 50 år.

(©NPK)