Riksrevisjon-kritikk av rovdyrforvaltinga

Klima- og miljødepartementet får kritikk av Riksrevisjonen for ikkje å ha sørgd for skikkelege planar når det gjeld balansen mellom rovdyr og beitedyr.
innenriks

Fleire stader fungerer verken forvaltinga av rovviltbestanden eller vernet av beitedyra, viser ei ny undersøking frå Riksrevisjonen.

– Inndelinga i soner fungerer berre delvis slik som tenkt, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.

Dette gjeld særleg der rovviltnemndene og miljøstyresmaktene er usamde om korleis dei ulike sonene for rovdyr og beitedyr skal utformast og plasserast. Ifølgje undersøkinga skjer det òg at dei ulike rovviltnemndene er usamde seg imellom.

Det er Klima- og miljødepartementet som har ansvaret for å få godkjente forvaltingsplanar på plass der det finst slike usemjer, noko som mellom anna er situasjonen i Nordland. Men der har departementet late det gå for lang tid utan at slike planar finst, påpeikar Riksrevisjonen.

– Det er kritikkverdig, slår Foss fast.

– Departementet skal ta vare på den nasjonale rovviltpolitikken når samordninga på det regionale nivået ikkje fungerer, og må bidra til å avklare usemje med og mellom rovviltnemndene, seier han.

Riksrevisjonen viser til at enkelte beiteområde har ei svært høg rovviltbelasting, noko som fører til store tap av sau og lam på utmarksbeite.

Ein av grunnane er at det i enkelte rovviltsoner har vore problem med å nå bestandsmålet. Derfor blir det felt færre ulv enn føresett i beitesonene. Dette er med på å bidra til eit høgare konfliktnivå, meiner Riksrevisjonen.

(©NPK)