Truande mann skoten i beinet av politiet i Oslo

Ein 59 år gammal kjenning av politiet vart tysdag skoten i beinet av politiet i Oslo etter å ha trua ein trikkeførar og passasjer med kniv.
innenriks

– Gjerningsmannen, som har vore norsk statsborgar sidan 2002, er kjent av politiet frå fleire tidlegare trusselsituasjonar, opplyser stabssjef Martin Strand i Oslo-politiet.

Motivet til mannen er ikkje kjent, men det er ikkje noko som tyder på noka terrorkopling, legg han til.

Politiet fekk melding klokka 9.41 tysdag om ein person som trua ein trikkesjåfør med kniv ved Solli plass. Mannen hadde knust eit vindauge i trikken og hevda òg at han hadde ein granat i bagen han bar på.

Mannen forlét deretter trikken og flytta seg nedover Drammensveien. Han vart innhenta av fleire politipatruljar ved Skillebekk.

Ustabil

Strand beskriv mannen som utagerande og ustabil, og politiet frykta derfor at han skulle skade publikum.

– Fleire politipatruljar var raskt på staden. Det blei ropt på mannen, i tillegg blei det brukt pepargass mot han og skote varselskot, før det vart fyrt av eit skot som trefte han i beinet, fortel Strand.

Hendinga vart filma av fleire tilskodarar, og video av skytinga er lagt ut av VG og Dagbladet.

Ingen granat

Mannen fekk førstehjelp på staden, før han vart køyrt til Ullevål sjukehus i ambulanse. Han var då ved medvit, men tilstanden er ikkje kjent. Tysdag ettermiddag var han enno ikkje avhøyrt.

Bombegruppa til politiet søkte gjennom bagen til 59-åringen, men fann ingen granat.

Spesialeininga for politisaker blir rutinemessig varsla når politiet losnar skot, og dei etterforskar no hendinga.