«Norgesglasset» på NRK P1 blir lagt ned

Radioflaggskipet «Norgesglasset», som feirar 25 år i år, går av lufta frå januar 2020. NRK veit ikkje kva programmet skal erstattast med.
innenriks

P1-sjef Bjørn Tore Grøtte seier at bakgrunnen er at dei ønsker vidareutvikling av radiokanalen.

– Det er ingen program som har gjort noko gale eller feil. Det er ikkje derfor vi gjer endringar. Dette blir gjort for å samle og engasjere flest mogleg lyttarar. Då må vi kontinuerleg utvikle kanalen og gjere endringar. Akkurat no var behovet for endring større enn programtitlane, seier han til Medier24.

Norgesglaset blir promotert som «underholdende folkeopplysning fra hele Norge til hele Norge».

Grøtte seier han forstår at det vil komme reaksjonar, men at leiinga har gjort eit grundig forarbeid.

Det er ikkje bestemt kva «Norgesglasset» skal erstattast med.

– No skjer ikkje endringa før i januar 2020. Over sommaren no byrjar programmiljøet med å utvikle eit nytt program, og det arbeidet vil halde fram utover hausten. Det er for tidleg å seie noko meir om det no, men det blir eit nytt og litt annleis direktesendt program med profilerte stemmer. Og kanskje litt høgare tempo og meir underhaldning, seier Grøtte.

(©NPK)