Yrkestrafikkforbundet sluttar seg til ESA-klage på tunnelvedtak

Yrkestrafikkforbundet går inn for at Oslofjord-sambandet i framtida blir basert på brualternativet. Dei sluttar seg dermed til klagesaka som Efta skal behandle
innenriks

Vedtaket til stortingsfleirtalet om å byggje eit nytt sprang i Oslofjordtunnelen i staden for bru, vart klaga inn for EFTAs overvakingsorgan ESA i november 2017.

Klagarar er Organisasjonen Bedre Veier, Noregs Lastebileigar-forbund og KNA. Organisasjonane ønsker å få fastslått at den vedtatte løysinga til styresmaktene ikkje oppfyller EUs tunneltryggingsdirektiv, og dermed vil vere ulovleg.

No vil altså Yrkestrafikkforbundet òg slutte seg til klagesaka.

– Eit nytt og parallelt løp i Oslofjordtunnelen vil av praktiske årsaker måtte byggjast like bratt som det eksisterande, det vil seie med ei stigning på 7 prosent over lange strekningar i begge retningar. Dette gir høg risiko for overoppheting av motorar, drivverk og bremsar, og dermed for brannar og havari. seier forbundsleiar Jim Klungnes i Yrkestrafikkforbundet.

Han peikar på at EU-direktivet på grunn av brannfare ikkje tillèt brattare stigningar enn 5 prosent.

Saka er framleis under behandling i Brussel, og det er uklart når ein kan vente ei avgjerd.

(©NPK)