Rekordmange unge kandidatar til kommunevalet

6.684 unge under 30 år stiller som kandidatar til kommunevalet i haust, ifølgje tal frå SSB. Samtidig ligg delen kvinnelege kandidatar på 43 prosent.
innenriks

Aldri før har så mange unge stilt til val, og størst del unge finn ein på lista til Raudt (14.7 prosent), Miljøpartiet Dei Grøne (14,5 prosent) og Senterpartiet (14,1 prosent), skriv Framtida.no.

Arbeidarpartiet har 12,3 prosent av kandidatane sine under 30 år, Høgre har òg 12,3 prosent og Venstre har 11,7 prosent. Frp (11,0 prosent) går opp med 0,2 prosentpoeng til 11,0 prosent.

– Eg har inntrykk av at Frp ønsker fleire unge på listene. Det er positivt at det er fleire unge som stiller til val seier FpU-formann Bjørn-Kristian Svendsrud.

Sandra Bruflot i Høgre meiner det er veldig positivt at fleire unge stiller til val.

– Det er veldig gøy og bra at så mange unge vil stille til val for Høgre. Det er bra for demokratiet, for Høgre, og for at unge skal få bestemme meir over kommunen dei bur i.

4 av 10 er kvinner

Ifølgje SSB er delen kvinnelege kandidatar til kommunevalet i haust på 43 prosent. Det er omtrent det same som ved valet for fire år sidan, med ein auke på beskjedne 0,3 prosent.

I alt stiller 54.254 personar til val ved kommunestyrevala og av desse er 23.258 kvinner.

SV har størst kvinnedel med 55 prosent kvinnelege kandidatar, medan Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne og Arbeidarpartiet alle ligg litt under 50 prosent, Frp har lågast kvinnedel med berre 28 prosent.

– Eg er veldig stolt over at SV har så mange kvinner på listene sine rundt omkring i landet. Dette viser at det hjelper å jobbe bevisst for å få opp kvinnedelen på listene slik SV har gjort, seier SV-leiar Audun Lysbakken i ein kommentar til NTB,

Kommunereforma

For fire år sidan stilte 58.093 kandidatar til val for kommunestyre og bystyre. At det no er over 3.800 færre som stiller til val, kjem av kommunereforma. Valet i haust blir nemleg gjennomført som om samanslåinga allereie har skjedd, sjølv om ho ikkje skjer før ved inngangen til 2020.

5 prosent av listekandidatane til kommunestyrevalet er innvandrarar. Det er ein auke på 0,8 prosentpoeng samanlikna med lokalvalet i 2015.

(©NPK)