44 millionar kroner til meir effektive og miljøvennlege hamner

Regjeringa gir 44 millionar kroner i støtte til fem ulike prosjekt. Pengane skal gå til investeringar i meir effektive og miljøvennlege hamner.
innenriks

Det har ifølgje samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) vore stor interesse for ordninga som skal bidra til å gjere sjøtransporten meir effektiv og miljøvennleg.

Samtidig vil tilskotet bidra til å styrke konkurransekrafta til sjøtransporten, seier Dale i ei pressemelding.

– Å få ned kostnader er viktig for å fremme sjøtransporten, og effektiviseringsgevinstane i hamnene vil òg bidra til å flytte meir gods over på sjø og gi positive klima- og miljøeffektar, seier Dale.

Prosjekta som vil få støtte førebels er ASCO Noreg AS (Tananger), 20,1 millionar kroner, Kristiansand hamn KF, 9,9 millionar kroner, Karmsund hamn IKS (Haugesund), 7 millionar kroner, Westport AS (Tananger), 3,5 millionar kroner og Greencarrier Shipping & Logistics AS (Moss), 3,1 millionar kroner

(©NPK)