Ark med millionoverskot – Norli Libris i minus

Bokhandlarkjeden Ark enda med 18,7 millionar kroner i overskot når skatten var betalt i fjor. Konkurrenten Norli Libris fekk eit underskot på 3 millionar.
innenriks

Med ei omsetning på 1,33 milliardar kroner, fekk Ark eit driftsresultat på 30,2 millionar og eit resultat før skatt på 22,1 millionar, skriv Finansavisen. Dermed knuser kjeda konkurrenten på lønnsemd.

– For Arks del har den tidlege digitaliseringa av verksemda vore viktig for dagens konkurransekraft og posisjon hos kundane. Dei melder at dei set pris på det moderne ved Ark, i kombinasjon med det folkelege og tilgjengelege, seier administrerande direktør Linda Frid Andresen.

Ifølgje Norsk Kundebarometer var Ark «folkets favorittbokhandel» i fjor, men den tittelen har Norli Libris tatt tilbake i år. Så spørst det om det kan løfte sistnemnde når det skal gjerast opp rekning for 2019.

I fjor hadde Norli Libris ei omsetning på 1,15 milliard og eit driftsresultat på 13,8 millionar. Før skatt var det berre 0,3 million igjen, og når staten har fått sitt, står det altså eit raudt tal igjen på botnlinja.

– Vi registrerer at Ark har betre lønnsemd enn oss, seier administrerande direktør John Thomasgaard.

(©NPK)