Fire av ti vil ha cruiseskip vekk frå Tromsø

44,4 prosent av dei spurde i ei undersøking i Tromsø svarar at cruiseskipsanløp bør bli stansa inntil utsleppa blir erstatta av landstraum.
innenriks

30,3 prosent meiner på si side at trafikken bør halde fram som i dag. Det er i dag 130 cruiseskip som årleg legg til i Tromsø.

Undersøkinga er gjennomført av InFact for avisa Nordlys.

Cruisenettverket Cruise Northern Norway & Svalbard (CNNs), som består av dei største nordnorske hamnekommunane, Avinor og Scandic, meiner cruiseskipsnæringa er svartmåla.

– Det er med cruisenæringa som med alle andre næringar, Hurtigruten òg: Ein jobbar for å redusere utslepp, seier Erik Joachimsen, administrerande direktør i CNNs, til Nordlys.

(©NPK)