Hundeeigar dømt til fengsel etter å ha avliva hund med øks

Ein mannleg hundeeigar er i Glåmdalen tingrett dømt til 75 dagar vilkårslaus fengsel etter at han avliva den sjuke hunden sin med øks.
innenriks

Mannen, som er frå sør i Hedmark, stod tiltalt for å ha avliva den sjuke hunden sin på ein måte retten meiner bryt med dyrevelferdsloven, skriv NRK.

Den 13 år gamle hunden vart avliva ved at den tiltalte hogg med ein stor kløvøks mot nakken til hunden. Tiltalte hogg tre gonger så fort og hardt han kunne.

I retten forklarte den tiltalte hundeeigaren at han hadde bestemt seg for å «la hunden sleppe» neste gong han vart sjuk, sidan hunden sleit med dårleg syn, dårleg høyrsel og stiv rygg. I tillegg hadde han aldri likt å dra til veterinæren.

I fjor sommar vart hunden sjuk. Då mannen verken fekk hjelp av veterinær eller ein nabo, bestemte han seg for å avlive hunden sjølv. Han vurderte to alternativ, der han enten kunne køyre over han eller avlive han med øks.

– Saka er alvorleg på den måten at det finst brot på både føresegnene til lova om handteringa av dyr, og ikkje minst forskriftene som beskriv korleis ein skal gjere avliving av dyr på ein mest mogleg skånsam måte, seier politiadvokat, og aktor i saka, Helge Andreas Eidsvaag til NRK.

I retten erkjente hundeeigaren forholda, men ikkje straffskuld.

Den tiltalte sin forsvarar vil ikkje kommentere dommen.

(©NPK)