Jenter seier ja til HPV-vaksinen

Om lag ni av ti jenter vel å vaksinere seg mot HPV innunder barnevaksineprogrammet. Det kan bidra til å minske førekomsten av livmorhalskreft.
innenriks

I fjor takka mellom 84,4 og 91,4 prosent av 16 år gamle jenter ja til HPV-vaksine gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, viser fylkesvis statistikk frå Folkehelseinstituttet. Statistikken viser òg at talet har stige jamt sidan 2013 for heile landet.

Vaksinen, som vernar mot HPV-viruset og reduserer risikoen for livmorhalskreft, hadde størst oppslutning i Oppland. Der vart 91,4 prosent av 16 år gamle jenter vaksinert i fjor. Den lågaste prosentdelen på 84,4 prosent var i Finnmark.

Elisabeth Jakobsen i Kreftregisteret seier til NTB at dei er glade for at vaksinasjonsdekninga er høg.

– Vi trur at med framleis høg vaksinedekning og eit effektivt screeningprogram så skal det vere mogleg å gjere livmorhalskreft til ein svært sjeldan sjukdom – både her i Noreg og internasjonalt.

Nytt tilbod til gutar

Sidan 2009 har vaksinen vorte gitt til alle jenter i sjuandeklasse i to dosar. Men for første gong har òg gutar fått tilbod om HPV-vaksine innunder barnevaksinasjonsprogrammet det siste skuleåret.

I det første skulehalvåret har 87 prosent av gutane og 89 prosent av jentene fått første dose, ifølgje tal frå Nasjonalt vaksinasjonsregister (SYSVAK).

– HPV er årsak til over 100 tilfelle med kreft hos menn og nærare 500 hos kvinner kvart år. Takka vere at både gutar og jenter får moglegheita til å verne seg mot HPV-relatert kreft, blir mange av desse tilfella no førebygd, seier overlege Margrethe Greve-Isdahl ved Folkehelseinstituttet.

Gratis vaksinasjonsprogram avslutta

I slutten av juni vart programmet som har gitt unge kvinner gratis HPV-vaksine dei siste to åra avslutta.

Sidan 2016 har totalt 200.000 kvinner som er fødde mellom 1991 og 1996, som ikkje har vore omfatta av barnevaksineprogrammet, fått tilbod om vaksinen, som består av tre dosar. Førebelse tal frå SYSVAK viser at over 120 000 har takka ja til tilbodet.

– Det er bra at mange unge kvinner nytta seg av tilbodet om gratis HPV vaksine. For endå betre førebygging av livmorhalskreft kunne vi nok likevel ønskt oss at tilbodet om gratis vaksine kunne ha dekt langt fleire typar av HPV-viruset enn type 16 og 18, seier overlege og forskar ved Kreftregisteret Mari Nygård til NTB.

Koster opp mot 4.000 kr

Per mai 2019 hadde 83.000 fullført vaksinasjonen, medan nærare 40.000 mangla ein eller to dosar. Fullstendige tal på kor mange som har tatt ein eller fleire dosar av vaksinen, vil først vere klar til hausten.

– Dette er noko som vi kjem til å følgje nøye med på framover. Vi vil studere ulike grupper av vaksinerte og uvaksinerte i befolkninga og sjå på utviklinga av både celleforandringar og kreftførekomst, seier Nygård.

Kvinnene som ikkje har klart å fullføre vaksinasjonen innan utgangen til fristen, må no betale han sjølv. Prislappen for dei tre dosane ligg på omtrent 4.000 kroner. Greve-Isdahl seier det beste er å fullføre.

– Vi tilrår tre dosar for å få best mogleg vern, seier ho.


(©NPK)