Nordmann omkom i skiulykke i alpane

Ein mann i 30-åra frå Telemark døydde i slutten av juni då han dreiv med «speedriding» i Frankrike.
innenriks

Ulykka skjedde på nordsida av fjellet Aiguille du Midi ved Chamonix, skriv Varden.

Det er ikkje kjent korleis mannen døydde. «Speedriding» er skikøyring med ein liten paragliderskjerm.

Ein fransk nettstad skriv ifølgje Varden at mannen skal ha treft ein stein og falle fleire hundre meter. Han skal ha vore saman med ein annan nordmann på turen, men den andre personen skal ikkje ha vore vitne til ulykka.

– Undersøking av hendinga er igangsett, og vi vil frigi opplysningar om kva som leidde til hendinga når undersøkingane er avslutta, skriv Noregs Luftsportforbund i ei pressemelding.

(©NPK)