Offer utanfor livsfare etter skyting i Oslo

Politiet har arrestert ein mann i 20-åra som er mistenkt for å ha fyrt av fleire skot i Oslo sentrum. Ein mann er skadd, men er utanfor livsfare.
innenriks

Meldinga om hendinga kom klokka 5.13 natt til fredag då ein blodig person kom inn i ein butikk. Arrestasjonen skjedde klokka 5.49.

– Det vart fyrt av skot som gjekk over hovudet på politi og ambulansepersonell, opplyste fungerande leiar Gunn Anita Bjørnbakk for felles operativ teneste i Oslo politidistrikt under ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

Både den sikta og offeret er norske statsborgarar i 20-åra, ifølgje politiet. Offeret er innlagt på Ullevål sjukehus.

– Sannsynlegvis er det ikkje livstruande skadar, men alvorlege, sa leiar Audun Kristiansen i avdeling for etterforsking og etterretning.



(©NPK)