Person døydde i brann i Arendal

Ein person er funnen død etter ein brann i ein bustad ved Vollenetoppen i Arendal. Brannen braut ut ved 4.30-tida natt til fredag.
innenriks

Meldinga om brannen kom klokka 4.39. Då nødetatane kom til staden, var huset overtent.

– Ein person er ikkje gjort greie for etter brannen. Det er gjort funn av ein død person i branntomta, opplyser operasjonssentralen i Agder politidistrikt.

Politiet hadde fredag vakthald på åstaden, og staden skal undersøkjast av kriminalteknikarar.

– Årsak til brannen er ukjend, opplyser politiet.

(©NPK)