Person funnen død utanfor sjukehuset i Arendal

Politiet meiner det truleg ikkje er skjedd noko kriminelt i samband med at ein person vart funnen død utanfor sjukehuset i Arendal fredag formiddag.
innenriks

Personen vart funnen død av ein tilfeldig forbipasserande klokka 11.45.

Den døde var fredag ettermiddag framleis ikkje identifisert, og det vil etter kvart bli tatt stilling til obduksjon.

– Vi har snakka med folk i området, og dette er no ei undersøkingssak, opplyser operasjonsleiar Linn Andersen i Agder politidistrikt.

Sidan hendinga skjedde i umiddelbar nærleik av sjukehuset vart vedkommande raskt tatt hand om. Det vart starta hjarte- og lungeredning, men personen var død. Krimteknikarar frå politiet var på staden for å undersøke saka.

(©NPK)