Rekordsal av alkoholfritt øl

I fjor vart det selt ti millionar liter alkoholfritt øl i Noreg. Det er ny rekord.
innenriks

Talet gjeld heile drikkevarebransjen, opplyser kommunikasjonssjef Nikolay Bruusgaard i Ringnes til Nationen. Hans selskap står for omtrent halvparten av salet.

Bruusgaard peikar på at fleire butikkar no har eigne kjøleskap i butikken med alkoholfritt øl, som noko som gjer det enklare for folk å velje alkoholfritt.

Hos daglegvarekjeda Meny auka salet av alkoholfritt øl med 11 prosent i fjor.

– Breiare utval og meir hylleplass i butikk er noko av årsaka, men truleg òg eit aukande fokus på sunnheit og helse, seier kommunikasjonssjef Nina Horn Hynne i Meny. Daglegvarekjeda auka salet av alkoholfritt øl med 11 prosent i fjor.

Hansa Borg melder òg om auka sal, og oppturen ser ut til å halde fram. Hittil i år har salet auka med seks prosent samanlikna med same periode i fjor.

(©NPK)