Sommaren er høgsesong for UP

Talet på førarkortbeslag og bøter aukar vanlegvis med 50 prosent i sommarmånadene juli og august.
innenriks

Denne veka og den andre veka i august gjennomfører Utrykkingspolitiet (UP) «Aksjon Europavei» der dei rettar merksemda mot fart på hovudvegane. Det er ein del av UPs bidrag til det europeiske samarbeidde om trygge vegar, men blir òg gjennomført fordi sommarmånadene er høgtid for fartslovbrot.

– Det handlar mykje om trafikkforholda. Tørre og fine vegar inviterer til høg fart. Vi har òg innslag av motorsyklar om sommaren som vi ikkje har om vinteren, som dessverre er involvert i ein del alvorlege ulykker, seier sjef i UP Runar Karlsen til NRK.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå omkom ti personar på vegane i juni. Alle var menn.

I same periode vart nærare 10.000 fartsbøter delt ut, medan over 600 bilførarar fekk inndratt førarkortet, ifølgje NRK.

Så langt i juli har det ikkje vore ei einaste dødsulykke på vegane, men UP-sjefen seier til NRK at han aldri har opplevd ein juli månad utan at nokon døyr i trafikken.

– Det vil alltid vere ein god del politipatruljar på vegane gjennom heile sommaren, det kan eg garantere. Vi held fram innsatsen vår, så får bilistane gjere sitt, seier Runar Karlsen til NRK.

(©NPK)