Stavanger har raskaste slagbehandlinga i verda

Stavanger universitetssjukehus halverte tida det tar frå ein slagpasient kjem inn døra til behandlinga startar. Ingen i verda melder om raskare behandling.
innenriks

Kvart minutt tel ved hjerneslag, og i Stavanger har dei forska og trena på korleis dei kan korte ned det dei kallar «dør-til-nål-tida», skriv Stavanger Aftenblad. Det er tida frå ein pasient kjem til sjukehuset til behandling med intravenøs trombolyse er i gang. På tre år er mediantida – den som ligg midt på treet – redusert frå 27 til 13 minutt. Ingen sjukehus i verda melder om kortare mediantid.

– Reduksjon av tidsbruk fører til at færre av pasientane døyr, og pasienten får sjeldnare eller mildare seinskadar. Målet vårt med dette er at det skal gå kortast mogleg tid før dei får behandling, når dei først har ringt til 113, fortel seier Soffien Chadli Ajmi. Ajmi er hovudforfattar i ein forskingsartikkel som viser at Stavanger universitetssjukehus (SUS) no har rekordlåge behandlingstider for hjerneslag.

Sjukehuset har omtrent 500 slagpasientar i året, der 150 pasientar får trombolyse, ei behandling som skal løyse opp blodpropp i hjernen. I arbeidet med å kutte tidsbruken, har SUS trena systematisk.

– Det kan samanliknast med fotball. For å komme i verdstoppen, må du trene mykje, seier seksjonsoverlege Martin Kurz lattermildt.

(©NPK)