Dale: Ingen bomavtale på plass enno

Dei fire regjeringspartia er ikkje i mål med nokon avtale om bompengar, men vi nærmar oss ei løysing, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).
innenriks

Dale vart spurt om status for arbeidet til regjeringspartia med bompengespørsmålet då han tysdag deltok i ein debatt om bompengar under Arendalsuka.

– Det viktigaste er at vi reelt får gjort noko som faktisk reduserer bompengar både utanfor dei store byane, men også i byane, sa Dale.

Høgres parlamentariske leiar Trond Helleland sa det har vore jobba godt og hardt med spørsmålet.

– Vi er i nærleiken av målet. Bompengebelastinga har vore for høg. Særleg i dei største byane. Samtidig som vi må ha ein balanse som varetar vidare utvikling av kollektivtrafikken, seier han.

Venstre, som til forskjell frå Frp ikkje har noko ønske om å forhandle om bompengespørsmålet, var ikkje representert i debattpanelet.

(©NPK)