Ingrid Aune gravlagd: – Vi er mange som sørgjer no

Hommelvik kyrkje var fylt til brestepunktet då familie, venner, partikollegaer og sambygdingar var samla for å ta eit siste farvel med Malvik-ordførar Ingrid Aune.
innenriks

I kyrkja stod Aunes kvite kiste omkransa av eit vell av blomstrar. Det var ikkje plass til alle dei sørgjande i kyrkja; fleire hundre måtte følgje gravferda frå bedehuset like ved og på storskjerm på kyrkjebakken.

– Vi er ein kommune i sorg. Vi er eit Trøndelag i sorg. Og med Ingrids store nettverk er dette også ei nasjonal sorg, sa sokneprest Ingrid Bolstad Kunzendorf då ho opna seremonien.

Ingrid Aune mista livet i ei båtulykke utanfor Namsos natt til 1. august, berre 33 år gammal. Også kjærasten, kommunepsykolog Eivind Olav Kjelbotn Evensen (43), omkom i ulykka.

– Du var songen om livet

– Sterkt lys finst òg i det mørke, sa Aunes mor Bjørg Johansen i minnetalen sin, som vekte både latter og tårer.

Ho beskreiv den avdøde dottera si som ei fryktlaus jente som tidleg viste at ho hadde ekstraordinære talent, sterk rettferdssans og stor respekt for andre menneske.

– Ho var høgt og lågt, ein kvervelvind. Men aldri likegyldig.

– Du var songen om livet, som vi saknar og sørgjer over er slutt. Men eg lovar deg at vi skal halde fram å syngje. Vi skal ikkje vere likegyldige, men føre sakene dine vidare, sa Johansen.

Stort talent

Ingrid Aune er beskriven som eitt av Arbeidarpartiets største talent. Ho starta den politiske karrieren sin i AUF, der ho mellom anna var internasjonal leiar i Sør-Trøndelag og deretter Oslo.

I 2015, berre 29 år gammal, vart ho vald til ordførar i Malvik som den første kvinnelege og den yngste ordføraren i kommunen nokosinne.

I åra før var ho rådgivar for forsvars- og seinare utanriksminister Espen Barth Eide.

Partifellane og vennene hennar minnast henne som eit gloande engasjert, kunnskapsrikt, klokt, raust og varmt menneske, med eit pågangsmot av dei sjeldne.

– Stolte

– Ingrid var noko heilt spesielt. Ho gjorde inntrykk på alle som møtte henne, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre i minnetalen sin.

– Vi er mange som sørgjer no. Vi har mista ein god partikamerat. Ein vi lét oss inspirere av, hadde djup respekt for, og ikkje minst: Ein vi var stolte av, sa han.

– 1. august, då denne fryktelege nyheita vart bekrefta, bestemte vi at denne valkampen skal vere i Ingrids ånd. Ingen ville vore meir aktiv og levande i den enn ho, sa Ap-leiaren til media etter seremonien.

Både Støre og Ap-nestleiar Hadia Tajik tok eit avbrot i valkampen for å vere til stades i gravferda. Der deltok òg partisekretær Kjersti Stenseng og Ap-toppane Ingvild Kjerkol, Espen Barth Eide, Trond Giske og Tore Sandvik.

I tillegg deltok ei rekkje lokalpolitikarar og politikarar frå andre parti.

Begge dei to sokneprestane til kommunen, Geir Henrik Gravaas og Ingrid Bolstad Kunzendorf, forretta i gravferda, medan den folkekjære artisten Åge Aleksandersen framførte ein lågmælt versjon av songen «Lys og varme».

– Meiningslaust

Som ordførar var Aune svært populær. Folk NTB har snakka med i Hommelvik, trur det vil bli vanskeleg å finne nokon som kan fylle skorne hennar.

– Ho var ein politikar som skulle vare lenge. Det som har skjedd, er heilt meiningslaust, seier ein.

Aune skal bli gravlagd ved sida av søskenbarnet Rolf Christopher Johansen Perreau, som vart drepen på Utøya i 2011, 25 år gammal. Mødrene deira, som er søstrer, framførte ein song saman i gravferda.

– Det var hjarteskjerande og sterkt bevegande. Men Arbeidarpartiet går vidare, vi har tradisjon for å ta med oss det beste frå dei vi mistar, seier Støre.

Berre nokre meter unna gravplassen står monumentet over Arbeidarpartiets aller første statsminister Johan Nygaardsvold.

– Det er nokre lange linjer i dette, seier Støre.

Minnefond

Etter Aunes dødsfall er det oppretta eit eige minnefond for å vidareføre arbeidet for Aunes hjartesaker som nedrusting, fredsarbeid, kvinner og likestilling. Kvart år skal det bli delt ut ein minnepris til eit vitskapleg eller journalistisk arbeid som set søkjelys på desse temaa.




(©NPK)