Raudt farevarsel for Veslemannen held fram

NVE har vedtatt å halde fram det raude farevarselet for fjellpartiet Veslemannen. Det er framleis auka rørsler og steinsprang i fjellpartiet.
innenriks

Dei to siste dagane har det regna, noko som har ført til auka rørsler i fjellpartiet. Det er meldt regn til og med onsdag, men det er venta mest tysdag kveld.

Raudt farenivå blir dermed halde oppe for Veslemannen.

– Hastigheita auka framleis i dag og er no om lag 37 centimeter per døgn i øvre del av området og om lag 5 centimeter per døgn i frontpartiet. Det har òg vore stor steinsprangaktivitet, opplyser Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Litt etter klokka 21 måndag kveld vart farenivået for det ustabile fjellpartiet Veslemannen i Møre og Romsdal heva til raudt, etter å ha vorte heva til oransje på formiddagen.

Bebuarane vart dermed evakuerte for 15. gong.

(©NPK)