Framleis raudt nivå for Veslemannen

Trass i noko reduserte rørsler i det ustabile fjellpartiet Veslemannen i Rauma, held NVE onsdag oppe raudt farenivå.
innenriks

Nivået vart heva til raudt måndag kveld. Dette var basert på auka rørsler, og dessutan varsel om nedbør. I kveldsrapporten sin onsdag held Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) faren oppe på det aller høgaste nivået.

Det kom 22 millimeter nedbør gjennom tysdagen, og farten heldt fram å auke med nedbøren som kom.

Steinsprang

Total rørsle dei siste to døgn er 345 millimeter i øvre del og 81 millimeter i nedre del.

Tysdag var rørsla i øvre del oppe i 37 centimeter per døgn.

Sivilforsvaret har registrert rundt 70 steinsprang frå området i tidsperioden det har vore raudt farenivå.

Evakuerte for 15. gong

Veslemannen er ein relativt liten, men svært aktiv del av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen. Som alltid ved raudt farenivå, er bebuarane under fjellpartiet evakuert. Dette er 15. gong bebuarane blir evakuerte.

Fjellpartiet har eit volum på 120.000–180.000 kubikkmeter, noko som utgjer rundt 1 prosent av det totale volumet av Mannen. Fjellet er 1.294 meter høgt og ligg på vestsida av Romsdalen i Rauma kommune.

Det har vorte kontinuerleg overvaka sidan 2009, først av Åknes/Tafjord Beredskap IKS, så av NVE frå 2015.

(©NPK)