SV krev klimabudsjett i alle kommunar

SV meiner alle norske kommunar bør ha ambisiøse mål og klare planar for korleis dei skal få ned utsleppa av klimagassar.
innenriks

– Det må bli like sjølvsagt at du har orden på utsleppa dine som på pengane dine, sa SV-leiar Audun Lysbakken under partitimen på Arendalsveka.

– Vi må gjere dette valet til eit klimaval og velje lokalpolitikarar som er villige til å bruke makta si til å få ned utsleppa. Når vi har ei regjering som ikkje handlar, er det ekstra viktig å ha lokalpolitikarar som gjer det, slo SV-leiaren fast.

Han viser til Oslo, der SV har vore pådrivar for eit klimabudsjett med mål om å kutte CO2-utsleppa med 95 prosent innan 2030.

– Det handlar om satsing på kollektivtrafikk og elbilar, krav om nullutslepp i byggeprosjekt eller transportnæringar, og at kommunane bruker innkjøpsmakta til å kjøpe klimavennlege produkt, sa Lysbakken.

For å hjelpe kommunane foreslår SV å opprette eit statleg organ som kan låne ut kompetanse og personale som kan assistere kommunane i arbeidet.

(©NPK)