Stordalen kjøper finsk hotellkjede

Petter Stordalen og hans Nordic Choice Hotels har kjøpt finske Kämp Collection Hotels for over 1 milliard kroner.
innenriks

– Kjøpet av Kämp Collection Hotels er ein milepæl for både selskapet og meg sjølv og er ein av dei viktigaste avtalene eg har gjort i hotellbransjen, seier Stordalen i ei pressemelding.

I den finske hotellgruppa inngår mellom anna Kämp Hotel i Helsingfors, eitt av Finlands mest kjente og ærverdige hotell. Det vart opna av Carl Kämp i 1887 under namnet Grand Hotel.

Stolte og audmjuke

– Vi er både stolte og audmjuke over å skulle drive Kämp Hotels vidare og ønsker å verne dei flotte tradisjonane som merkevarene representerer, seier Stordalen.

Laura Tarkka, administrerande direktør for Kämp Collection Hotels, er overtydd om at Nordic Choice Hotels er ein «perfekt match» for kjeda.

– Stordalen og Nordic Choice Hotels har vist ei imponerande evne til å bygge sterke sjølvstendige merkevarer som At Six i Stockholm og The Thief i Oslo, seier Tarkka.

Over 1 milliard

Kjøpet vart kunngjort under ein pressekonferanse i den finske hovudstaden onsdag, melder TV 2.

Ifølgje Dagens Næringsliv er seljaren av den finske luksus- og livsstilskjeda Kämp Collection Hotels det private equity-fondet CapMan. Prisen er over 1 milliard kroner, skriv avisa.

Kjøpet av Kämp Collection Hotels skal bli godkjent av konkurransestyresmaktene i Finland, noko Nordic Choice Hotels ventar vil skje i løpet av hausten 2019.

(©NPK)