Fritt Ord gir 2,5 millionar til bibliotekprosjekt om krig

Fritt Ord deler ut til saman 2,5 millionar kroner til folkebibliotek rundt om i landet. Pengane skal støtte prosjekt og arrangement om krig.
innenriks

Stiftelsen lyste i vår ut tilskot på 60.000 kroner til dette formålet. Fritt Ord fekk 99 søknader og har vedtatt å tildele middel til 42 søkarar. Til saman blir det dermed delt ut rundt 2,5 millionar kroner, fordelt på bibliotek over heile landet.

Blant dei som får pengar er Elverum bibliotek, Deichmanske bibliotek i Nydalen i Oslo, Voss bibliotek og Østre Toten folkebibliotek.

Prosjekta vil bli gjennomført hausten 2019 eller i løpet av 2020.

(©NPK)