G-Sport blir lagt ned

Sportsbutikkane G-sport og G-Max blir avvikla og blir flytta over til Intersport-kjeda.
innenriks

Det stadfestar Gresvik-konsernet overfor Dagens Næringsliv.

Konsernet har brukt eit gigantbeløp på å bygge opp kjedene, men vel likevel å inngå eit tettare samarbeid med Intersport.

– Dette handlar ikkje om kva for eit merke vi har på døra. Det handlar om at vi gjennom Intersport vil sørgje for at vi har den aller beste tilgangen til dei leiande merka, noko som blir stadig meir krevjande, seier sjef Lars Kristian Lindberg i Gresvik-konsernet.

Gresvik har hatt fleire parallelle kjeder i ei årrekke. I dag har konsernet totalt 201 butikkar. 101 Intersport-butikkar, 16 Sporthuset Outlet og 84 G-sport eller G-Max-butikkar.

I fjor hadde Gresvik Retail Group eit underskot på 600 millionar kroner inkludert omorganiseringskostnadar på 248 millionar.

(©NPK)