Islamsk Råd møter regjeringa om islamfiendskap

Islamsk Råd Noreg og Muslimsk Dialognettverk skal i september møte regjeringa for å snakke om tiltak mot islamfiendskap.
innenriks

Møtet er ei oppfølging av eit møte Muslimsk Dialognettverk hadde med statsminister Erna Solberg (H) i april om same tema.

Statsministeren har dei siste dagane sagt at ho er open for ein eigen handlingsplan mot muslimhat i kjølvatnet av moskéskytinga i helga, men regjeringa har ikkje konkludert.

Finansminister Siv Jensen (Frp) har stilt seg avventande og er ikkje overtydd om at ein treng endå ein handlingsplan spesifikt mot muslimhat.

Til NTB seier styreleiar Abdirahman Diriye i Islamsk Råd Noreg (IRN) at organisasjonen er invitert til eit møte med regjeringa etter valet i september. I møtet skal dei komme med innspel til ein slik mogleg handlingsplan, fortel han.

Ikkje fornøgd med generell plan

Kunnskapsdepartementet stadfestar at dei har invitert Islamsk Råd Noreg til eit møte 19. september med kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). Men ifølgje departementet var møtet planlagt lenge før hendingane ved al-Noor-moskeen på Skui i helga.

Islamsk Råd Noreg vil delta på møtet med tre representantar, blant dei styreleiar Abridrahman Diriye.

– Vi ser resultatet av muslimhatet her til lands. Det er ikkje noko å legge skjul på at muslimar har vorte mål for mange høgreekstreme, seier han til NTB.

– Bør kjempe mot polarisering

Ønsket om ein handlingsplan spesifikt retta mot muslimhat, slik regjeringa tidlegare har komme med ein handlingsplan mot antisemittisme, er noko muslimske organisasjonar og muslimar i Noreg har ønskt lenge, ifølgje IRN-styreleiaren.

– Det er ei tilbakemelding vi òg har formidla tidlegare, som no er aktualisert på nytt. Det er ikkje sikkert at det kunne forhindre slike hendingar, men tanken er at alle skal kunne føle seg trygge og at alle har eit ansvar for det, seier han.

Diryie seier det er for tidleg å seie kva slags innspel IRN vil komme med i møte med Sanner og Ropstad.

Men han meiner at styresmaktene bør auke kunnskapsnivået i samfunnet, at alle politidistrikta bør registrere hatkriminalitet mot muslimar, og at styresmaktene bør ha oversikt over islamofobi og muslimhat på nett og i media.

(©NPK)