NTNU-rektor sluttar på grunn av forhold til kollega

Gunnar Bovim går av som rektor ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Grunnen er at han har innleidd eit forhold til ein kollega.
innenriks

Bovim gir seg etter seks år i jobben. Han skal i tida framover arbeid med undervisnings- og forskingspolitiske oppgåver ved universitetet.

Bakgrunnen for at han trekker seg er forholdet til kollega Merete Kvidal. Ho sat tidlegare i leiargruppa til rektor, men tredde mellombels ut av stillinga i juli, skriv Universitetsavisa.

Dei to skal sjølv i forkant ha bedt styreleiar om å innhente ekstern juridisk vurdering av korleis habilitet og viktige prosessar rundt intuisjonen skal takast vare på om det skal leggjast til grunn at dei er eit par.

– Forholdet vårt har utløyst nokre utfordrande dilemma for NTNU. Samla sett meiner eg derfor tidspunktet er riktig for å gi stafettpinnen vidare, seier avtroppande rektor Gunnar Bovim ved NTNU i ei pressemelding.

Prorektor for utdanning, Anne Borg, er konstituert som rektor inntil nytt åremål blir lyst ut.

(©NPK)