Færre utlendingar uttransportert hittil i år

Dei åtte første månadane har politiet uttransportert 2.710 personar som ikkje har lovleg opphald i Noreg. Det er 20 prosent færre enn i same periode i fjor.
innenriks

338 personar vart uttransportert i august i år, noko som er 106 færre enn i august i fjor, opplyser Politiets utlendingseining.

16 prosent av dei uttransporterte, straffa personane så langt i år er borgarar av Romania, 13 prosent av Polen og 10 prosent av Litauen, opplyser politiet.

– I august vart 23 mindreårige uttransporterte til heimlandet sitt eller eit trygt tredjeland. Fem av desse var einslege mindreårige som vart uttransporterte til heimlanda sine. Resten av dei 18 mindreårige vart uttransporterte til heimlanda sine eller trygt tredjeland saman med føresette eller eit nær familiemedlem, skriv politiet i gjennomgangen av tala.

(©NPK)