Fem nye sjuke hundar

Det er meldt om fem nye tilfelle av sjuke hundar sidan tysdag, opplyser Mattilsynet. Dei sjuke hundane er frå Oslo, Telemark, Vest-Agder, Nordland og Finnmark.
innenriks

Alle hundane har symptom som blodig diaré, oppkast og redusert allmenntilstand, ifølgje Mattilsynet.

I tillegg har det komme meldingar om hundar med meir moderate symptom.

Mattilsynet påpeikar at symptoma er vanlege hos hundar, men ofte med mindre akutt sjukdomsgang.

– Så vidt vi har oversikt over så langt, er det ikkje nokon unormal førekomst av symptoma andre stader enn i Oslo-området, opplyser dei.

Det er førebels ingen fellestrekk mellom sjukdomstilfella verken når det gjeld alder, rase, fôr, kontakt med andre hundar eller turområde.

Mattilsynet jobbar saman med Veterinærinstituttet, NMBU Veterinærhøgskolen og veterinærklinikkar for å hente inn informasjon om sjukdomstilfella.

Fleire hundar skal obduserast dei neste dagane, og i tillegg blir prøvemateriale frå sjuke hundar analysert.