Per Sandberg fekk ikkje direktørjobb i Oppland

Tidlegare fiskeriminister Per Sandberg fekk ikkje stillinga han søkte som avdelingsdirektør i Nordre Land kommune i Oppland.
innenriks

Fleire medium omtalte førre veke at Sandberg hadde søkt på jobben som avdelingsdirektør for samfunnsutvikling og drift i kommunen.

Det var ni søkarar til stillinga. Onsdag vart det klart at jobben går til Kai Slagsvold Hekne, som kjem frå stillinga som konstituert kommunalsjef i same sektor i Stange kommune, skriv Oppland Arbeiderblad.

(©NPK)