3.500 soldatar deltar i stor militærøving på Austlandet

Ei stor militærøving startar på Austlandet torsdag. 3.500 soldatar deltar, og øvinga føregår både på land, i lufta og på sjøen.
innenriks

Øvinga er den største på Austlandet i år. Også Heimevernet deltar, ifølgje NRK.

Alle Forsvarets våpengreiner er representerte. Ei rekke sivile beredskapsaktørar kjem òg til å vere med, opplyser Heimevernet.

Øvinga startar torsdag og vil føregå i Østfold, Vestfold og Telemark. Ho varer til 22. september.

Scenarioet det blir øvd på, er ei krise i Finnmark og Troms. Dei to fylka er okkuperte av ei framand makt, og det blir bedt om assistanse frå Nato.

Soldatane skal mellom anna øve på korleis ein tar imot allierte styrkar i denne delen av landet, og korleis ein sørger for at dei kjem seg dit dei skal, samtidig som sikkerheita til befolkninga blir tatt vare på.

Innbyggarane i dei aktuelle fylka vil hovudsakleg merke øvinga ved at det er mange soldatar i aksjon og auka flyaktivitet, opplyser oberstløytnant Bjørn Thore Bech, som leiar øvinga.

Mellom anna åtte F16-fly og to F35-fly deltar, med Rygge flyplass som utgangspunkt.

– Vi skal få F16 frå Bodø til Rygge og luftvernstyrkar frå Ørlandet til Rygge. Vi skal òg for første gong operere F35 frå Rygge, seier oberst Atle Bråten i Luftforsvaret.

(©NPK)