Fire av ti kommunar skifta farge i valet

Meir enn fire av ti kommunar har fått eit nytt parti som sitt største etter årets lokalval. Men Arbeidarpartiet er framleis størst i flest kommunar.
innenriks

150 kommunar, drygt 42 prosent, skifta farge i kommunevalet og fekk eit nytt parti på toppen, viser ei oversikt.

Senterpartiet toppar ikkje uventa lista. Partiet kapra 79 av kommunane som skifta farge. 60 av desse var tidlegare Arbeidarparti-kommunar, særleg i nord, blant dei Bardu, Båtsfjord og Målselv. I alt vart partiet størst i 129 kommunar, opp frå 83 i 2015.

Samtidig vil det frå 2020 vere 72 færre kommunar i Noreg, frå 428 i 2015 til 356 frå nyttår, som følgje av kommunesamanslåingar. Årets val følgde dei nye kommunegrensene

Flest til Ap

Arbeidarpartiet vart på si side størst i 144 kommunar i årets val, mot 242 i 2015.

Av kommunar som har skifta farge, har 26 fått eit nytt partikart med Ap på topp. 11 av desse er tidlegare Sp-kommunar, medan Ap vart størst i fleire av dei nyoppretta kommunane i nord, som Tana, Sør-Varanger og Porsanger.

Høgre må på si side tole å miste om lag kvar fjerde kommune der partiet er størst, frå 60 i 2015 til 44 i år. Av desse er 15 nye, mellom dei Bergen og Oslo og dei mindre byane Tvedestrand og Grimstad.

SV størst i to

Frp vart størst i sju kommunar, mot tre i 2015. Av desse er fem nye, blant dei Ullensaker, Lindesnes og den nye kommunen Bjørnafjorden.

KrF vart størst i åtte kommunar, ned med éin frå 2015, og fekk fem kommunar til å skifte farge: Skjervøy i nord, Fitjar i vest og Sokndal, Vegårshei og Kvinesdal i sørvest.

SV kapra i år førsteplassen i to kommunar, Nordkapp og Rauma, begge blant dei som har skifta farge.

Også Venstre vart størst i to kommunar, Vanylven og den nyoppretta nabokommunen Stad på Vestlandet. Talet er uendra frå 2015.

Bompengepartiet FNB vart størst i éin kommune, nyoppretta Alver utanfor Bergen.

(©NPK)