Sp bryt med Ap i Bergen – bybanestrid ligg bak

Strid om vidare utbygging av Bybanen i Bergen førte fredag til at Senterpartiet braut forhandlingane med Arbeidarpartiet.
innenriks

– Vi er samde om at dei som ønsker å sitje i byrådet, er MDG, SV, KrF, Venstre og Ap. Vi går vidare måndag, seier Arbeidarpartiets Roger Valhammer til Bergensavisen fredag ettermiddag.

Han ser dermed også bort frå Raudt frå samarbeidet.

Beskjeden frå Sp var enkel: Partiet kan ikkje sitje i eit byråd som vil legge Bybanen langs Bryggen i sentrum av Bergen. Partiets Ove Sverre Bjørdal varslar at partiet kan ta opp att forhandlingane viss det kjem ein skisse til å legge Bybanen i tunnel i staden.

Ifølgje NRK opnar Bjørdal og Sp no for å snakke med Høgre, Folkeaksjonen nei til meir bompengar og Framstegspartiet om eit byrådssamarbeid på den sida.

(©NPK)