Sp får fylkesordføraren i Vestland

Jon Askeland blir ny fylkesordførar i det nye fylket Vestland. Med seg i koalisjonen får han KrF, Miljøpartiet Dei Grøne, Arbeidarpartiet, Venstre og SV.
innenriks

– Vårt store, felles prosjekt er å bygge det nye fylket til det beste for innbyggjarane. Det har vore den gjennomgåande målsettinga når vi har arbeidd fram den nye politiske plattforma med samarbeidspartia, seier Askeland i ei pressemelding.

– Sp har tidlegare òg jobba med KrF, Ap og SV og lykkast med det. No ønsker vi å gjenopplive sentrum som ei eiga retning i norsk politikk, og dette samarbeidet har eit solid rotfeste i eit sterkt sentrum, seier Askeland.

Natalia Golis frå MDG blir fylkesvaraordførar.

(©NPK)