Ap krev forklaring frå Nybø om nedlegginga av studietilbodet på Nesna

Ap har bede forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) komme til Stortinget for å gjere greie for nedlegginga av studietilbod på Nesna i Nordland.
innenriks

Avgjerda frå styret i Nord universitet om å legge ned studiestaden vakte sterke reaksjonar då det vart kjent i juni.

Både lokalbefolkninga, studentar, tilsette og opposisjonen på Stortinget reagerte kraftig, men utdanningsministeren var raskt ute og sa at ho respekterte avgjerda til styret og ikkje ville gripe inn i saka.

Så seint som førre veke varsla Frps utdanningstopp Roy Steffensen, som er leiar av utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, at han meinte det var grunnlag for å undersøke om nedlegginga av studiestaden på Nesna har skjedd på feil premissar. Han såg ikkje bort frå at saka ville ende opp i kontrollkomiteen.

No ønsker også Arbeidarpartiet ei nærare forklaring og har sendt eit brev til statsråd Nybø der dei ber henne komme til Stortinget for å gjere greie for nedlegginga.

– Når det til og med blir stilt spørsmålet om prosessen rundt Nesna frå regjeringspartiet Frp, blir det skapt ein ny situasjon, og Stortinget bør komme til botns i kva regjeringa har gjort og ikkje gjort. Ap ber derfor statsråden snarast mogleg gjere greie for det for Stortinget, seier stortingsrepresentant Martin Henriksen frå Ap i ei pressemelding.

Henriksen meiner at utsegnene frå Frp-toppen er oppsiktsvekkande.

– At Frp på Stortinget vil kalle inn ein statsråd frå Venstre til kontrollkomiteen, er alvorleg og oppsiktsvekkande. Vi har knapt sett noko liknande før, seier Henriksen.

(©NPK)