Evakuerte i Valdres får flytte heim igjen

Ti personar var evakuerte frå to hus i Valdres i Oppland etter fleire ras i området. Onsdag ettermiddag kunne dei flytte heim igjen.
innenriks

Politiet fekk melding om ras nord for Øye i Valdres klokka 22.20 tysdag kveld. Ingen hus eller menneske vart trefte av raset, men fleire merka det.

Ti personar vart evakuerte frå to hus i området.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Vang kommune vedtok onsdag ettermiddag at evakueringa ikkje lenger var nødvendig.

(©NPK)