Avhøyr av sikta i Snartemo-saka held fram

Avhøyra held fram av mannen som er sikta for aktlaust drap etter at ei kvinne vart funnen død og ei anna hardt skadd i Snartemo i Vest-Agder i juni.
innenriks

Mannen i 20-åra vart arrestert heime tidleg onsdag morgon og sat avhøyr i fleire timar. Avhøyra held fram torsdag, ifølgje NRK.

– Vi meiner vi har sikre bevis og at vi har god oversikt over kva som har skjedd, seier politiadvokat Hellek Rue.

Den sikta, som kjem frå Vest-Agder, har ikkje sjølv meldt seg til politiet. Han vart innkalla som vitne i saka kort tid etter hendinga.

Forsvararen for den sikta, advokat Berit Therese Knudsen, vil ikkje svare på kva mannen har forklart så langt.

– Eg kan ikkje kommentere noko som helst før avhøyra er avslutta, seier ho. Forhåpentlegvis skjer dette i ettermiddag, seier advokaten vidare.

Mannen vil truleg ikkje bli framstilt for varetektsfengsling sidan politiet ikkje meiner det er fare for gjentaking.

28 år gamle Daisy Mai Tran frå Frankrike vart funnen død 2. juni på ein aud grusveg på Snartemo i Hægebostad kommune. I tillegg vart ei kvinne frå Litauen funnen hardt skadd.

Mannen er òg sikta for promillekøyring. Politiet meiner mannen i rusa tilstand har køyrt på dei to kvinnene og stukke frå staden. Strafferamma er seks års fengsel.

(©NPK)