Bilskilt med amerikansk storleik kan bli lovleg i Noreg

Vegdirektoratet har sendt eit forslag på høyring som opnar for å tillate bilskilt med amerikansk storleik.
innenriks

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) seier at dette er noko bilentusiastane lenge har etterlyst.

– Å ha bil som hobby skal ikkje straffast, vi skal legge til rette for det, seier han i ei pressemelding.

Forslaget gjeld skilt med storleiken 30,38 gonger 15,36 centimeter, der tal og bokstavar skal plasserast på to rader.

I høyringsforslaget foreslår òg Vegdirektoratet fleire ting som kan gjere det enklare for dei som treng små bilskilt eller bilskilt med amerikansk storleik. Dei foreslår òg å gå bort ifrå kravet om at bilar fysisk må framvisast på ein trafikkstasjon for å bevise behov for andre bilskilt enn dei vanlege bilskilta. I staden er skal bildedokumentasjon vere godt nok.

Høyringsfristen er 22. november. Etter planen blir lovendringa innført våren 2020.

(©NPK)