Branntilløp i missiltorpedobåt ved Haakonsvern

Fire personar blir sjekka for røykskadar etter eit branntilløp om bord i KNM Storm ved Haakonsvern i Bergen.
innenriks

Brannen starta i eit motorrom og vart meld like før klokka 15. Brannen vart likevel raskt sløkt.

Skadeomfanget i maskinrommet er ikkje kjent.

Fire personar vart tatt med til saniteten på området for ein helsesjekk, opplyser Vest politidistrikt.

(©NPK)