Drapsforsøkssikta far blir varetektsfengsla i fire veker

Mannen som onsdag vart arrestert på Toten sikta for drapsforsøk på den 15 år gamle sonen sin, er varetektsfengsla i fire veker.
innenriks

Forsvararen hans, advokat Håvard Fremstad, opplyser til NTB torsdag kveld at mannen må sitje ei veke i fullstendig isolasjon og er underlagd brev- og besøksforbod og forbod mot aviser og kringkasting i heile perioden.

Sikta møtte ikkje sjølv til fengslingsmøtet i Gjøvik tingrett torsdag ettermiddag. Han sit i varetekt hos politiet. Han har vedgått handlinga og samtykker til fengsling.

15-åringen blir behandla for livstruande skadar på Ullevål sjukehus, dit han vart flogen med luftambulanse etter at han vart funnen livlaus på åstaden.

I 14-tida torsdag opplyste etterforskingsleiar John Eivind Melbye i Innlandet politidistrikt til VG at tilstanden til guten er stabil, men at han framleis blir vurdert som kritisk skadd.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 8.38 onsdag morgon, og fleire patruljar rykte ut til ein bustad på Kapp i Østre Toten i Oppland. Eit vitne hadde høyrt skrik og rop frå bustaden og sett ei kvinne som ropte om hjelp, skreiv Oppland Arbeiderblad.

Politiet har karakterisert hendinga som ein dramatisk familietragedie, som har ramma heile bygda.

Tok beslag i bil

Verken far eller son har vore i kontakt med politiet før valdsepisoden. Politiet har beslaglagt ein bil som faren køyrde vekk frå åstaden i. Bilen var parkert ved Kapp kyrkje, like ved åstaden, skriv Oppland Arbeiderblad.

– Den sikta vart arrestert i bilen, som sidan vart taua bort, stadfestar Melbye til Dagbladet.

Han seier vidare at arrestasjonen var udramatisk, og at Kripos har hjelpt til med tekniske undersøkingar av bilen.

– Politiet har eit klart bilde av hendingsgangen, men på det noverande tidspunktet ønsker vi ikkje å gå meir i detalj, seier han.

Forsvararen til den sikta, advokat Håvard Fremstad, sa til NTB onsdag at klienten hans er prega av den alvorlege situasjonen, men at han etter forholda er ved god psykisk og fysisk helse. Faren vart avhøyrd i fleire timar onsdag.

– Han har forklart seg greitt, detaljert og veldig sjølvstendig, sa Fremstad.

Sonen har fått Inger Marie Støen som bistandsadvokat.

Ope hus

Østre Toten kommune sette krisestab som følgje av hendinga og inviterer til ope hus på Kapp Melkefabrikk torsdag kveld. Kriseteamet i kommunen vil vere til stades på møtet.

Kommunen har oppretta ein krisetelefon og har sendt melding til foreldre som har barn i skulen. Det blir oppmoda til å ta vare på kvarandre og snakke med barna på ein skånsam måte, skriv kommunen på nettsida si.

Ordføraren i kommunen, Guri Bråthen, seier til Dagbladet at det som har skjedd, blir oppfatta som uverkeleg.

– Eg ser at innbyggarane her bryr seg om kvarandre. Dei viser omtanke og omsorg, seier Bråthen.

Ho roser lokalbefolkninga, som har avstått frå å spekulere på kva som skjedde.

– Vi sende ut melding til alle foreldre med barn i grunnskulen og bad foreldra ha ein samtale med barna. Det er viktig at vi pratar med ungane våre om det som skjedd, seier ordføraren.


(©NPK)