Knausgård-forlag klar til å trykke opp meir Handke

Pelikanen Forlag byrjar å gå tom på lager for nobelvinnar Peter Handke (76). No skal det trykkast opp meir.
innenriks

– No må vi trykke litt ordentleg hardt på «play»-knappen og få ut desse bøkene. Vi byrjar å gå tom på lager for dei bøkene vi har gitt ut tidlegare, men det skal vi nok fort få retta på, seier Eirik Bø til NTB.

Han er dagleg leiar i Pelikanen Forlag, som vart stifta i 2010 av forfattaren Karl Ove Knausgård, broren Yngve Knausgård og Asbjørn Jensen.

Pelikanen har gitt ut tre bøker av Handke på norsk: romanen «Det store fallet», teaterstykket «Spørrespillet» og essayboka «Jugoslavia».

Spesielt sistnemnde boka har skapt kontroversar på grunn av Handkes utsegner om krigane på Balkan. Bø meiner for sin del at Handke har vorte feillesen og gitt meiningar som det ikkje er dekning for.

– Men han er definitivt ein kontroversiell figur. Det er det ingen grunn til å legge lokk på.

Handke vart torsdag tildelt Nobels litteraturpris for 2019, medan polske Olga Tokarczuk (57) fekk prisen for 2018. Bø seier han håper kontroversane rundt Handke ikkje vil overskygge for prisen til Tokarczuk.

– Men det kan fort vere at det ligg an til ein del Handke-debatt igjen, konstaterer han.

(©NPK)