Militærekspert meiner det blir vanskeleg for Tyrkia å ha kontroll i buffersona

Tyrkia ønsker å lage ei brei tryggingssone i Syria for å halde kurdisk milits på avstand. Det blir vanskeleg, meiner norsk militærekspert.
innenriks

– Det er eit stort område og ei lang grense, påpeikar orlogskaptein Thomas Slensvik i mediegruppa til Forsvarets høgskole.

Tyrkia innleidde onsdag ein lenge varsla militæroffensiv i det nordlege Syria. Tyrkiske soldatar tok seg over grensa og jagarfly bomba mål i det kurdiskdominerte området. Gjennom torsdagen har tyrkiske bakkesoldatar trengt lenger inn i landet.

Slensvik meiner det vi har sett til no, berre er ein innleiande fase, ei førebuing til angrep på dei større byane.

At Tyrkia har størst militær slagkraft, er det ingen tvil om, men Slensvik påpeikar at det framleis er uvisst kor mange soldatar landet vil setje inn.

– Kurdarane slåst for kjerneområda sine. Dei kjempar på heimebane. Det vil nok gjere det enklare å få støtte i lokalbefolkninga, men også å ha gode defensive operasjonar.

Tyrkia har òg bygd opp ein milits av i hovudsak syriske arabarar i det kurdiskdominerte området. Det er denne militsen som Tyrkia ønsker å bruke til å halde kontroll med buffersona, ifølgje Slensvik.

– Trussel mot Tyrkia

President Recep Tayyip Erdogan har erklært den syrisk-kurdiske militsen YPG, som har spelt ei viktig rolle i nedkjempinga av IS, som den største trusselen mot Tyrkia. Han ser på YPG for å vere ei forlenging av den tyrkisk-kurdiske PKK-rørsla, som styresmaktene har stempla som terroristar.

– PKK representerer òg ei ibuande frykt for eit splitta Tyrkia, og det eksisterer ei djuptgåande frykt for at PKK skal vinne internasjonal heider for kravet om tilgang til landområde i Syria og på lang sikt i Tyrkia. Kurdarane ønsker sjølvstyre i eit samanhengande landområde frå Irak til Nord-Syria, seier forskar og Tyrkia-ekspert Siri Neset ved Chr. Michelsens Institutt (CMI) til ABC Nyheter.

Også ho stiller spørsmål ved korleis tyrkarane har tenkt å ha kontroll med ei tryggingssone.

– Ikkje nytt kalifat

Tyrkias offensiv har skapt frykt for at dei ekstreme islamistane i IS kan bygge seg opp igjen.

– At dei kjem tilbake til det dei var, er ikkje sannsynleg. Men det er klart at det finst IS-krigarar som er tatt til fange, som kan prøve å rømme. Det er gått ut oppfordringar om å frigjere desse. Men i interneringsleirane er det hovudsakleg familiar. Dei vil ikkje nødvendigvis bli krigarar, seier Slensvik.

– Det kan bli lokale grupperingar og auka aktivitet, men ikkje noko nytt kalifat, konkluderer han.

Den kurdiske administrasjonen i Nordaust-Syria har åtvara om at det kan bli vanskeleg å halde på kontrollen ved leirane der det i hovudsak bur kvinner og barn som tidlegare levde i IS-kalifatet. Dette er òg eit forhandlingskort, påpeikar Slensvik.

– Dei veit at det er stor merksemd rundt det, og at det kan gi dei internasjonal støtte, seier han.

Onsdag vart det kjent at USA har henta ut to IS-fangar frå Syria. Dei høyrde til ei berykta gruppe som stod bak bortføringar, tortur og halshogging av utlendingar i Syria.

(©NPK)