Tog over heile landet stod stille i to timar

Mellom klokka 12 og 14 stod alle tog over heile landet stille. Bakgrunnen var streiken til Norsk Lokomotivmannsforbund og Norsk Jernbaneforbund mot EUs jernbanepakke.
innenriks

Då klokka slo 12 torsdag ettermiddag, stansa alle toga i landet ved den næraste stasjonen. Der stod dei bom stille i to timar fram til klokka 14.

Det vart ikkje sett opp alternativ transport, verken for avgangane som vart rørte før, under og heller ikkje etter streiken, opplyste Vy i forkant av streiken. Den to timar lange streiken er venta å påverke togtrafikken resten av dagen.

Bakgrunnen for streiken er at togforbunda protesterer mot innføringa av EUs fjerde jernbanepakke, som skal behandlast i Stortinget seinare i haust. Jernbanepakken vil pålegge konkurranseutsetjing og legge den norske jernbanen under EUs jernbanebyrå.

– Avdemokratisering av jernbanen

Det kan gå ut over tryggleiken og tilbodet til passasjerane, meiner forbunda.

– Regjeringa vil avdemokratisere jernbanen, som er av den viktigaste infrastrukturen i landet. Dette har ikkje noko med modernisering å gjere. Vi seier ja til toget som transportmiddelet for framtida og nei til EUs fjerde jernbanepakke, seier forbundsleiar Jane Brekkhus Sæthre i Norsk Jernbaneforbund (NJF).

Regjeringa vil flytte makta til EU, og gjere anbod, konkurranseutsetjing og privatisering obligatorisk på jernbanen for all framtid, meiner forbundsleiar Rolf Ringdal i Norsk Lokomotivmannsforbund (NLF).

– Norsk jernbane har hatt grensekryssande tog i over hundre år og samtrafikk med felles personell som kryssar grensa før EUs jernbanepakkar oppstod. EUs fjerde jernbanepakke er derfor heilt unødvendig for å sikre tog over grensene, seier Ringdal.

– Ein merkeleg streik

Høgres samferdselspolitiske talsmann, Helge Orten, deler ikkje Sæthre og Ringdals syn på jernbanepakken. Orten har karakterisert streiken som «ein merkeleg streik».

– Det er i så fall ein streik mot auka tryggleik, forenkling av togreiser og lågare utslepp, seier Orten, som er komitéleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen for Høgre på Stortinget.

Han meiner det blir skapt eit gale bilde av at Noreg mistar råderetten over eigen jernbane.

– Infrastrukturen er eigd av staten, vi bestemmer sjølv vilkåra i anboda og jernbanetilsynet har ansvaret for at tryggleiken blir tatt vare på. Norsk jernbane er norsk og vil bli verande norsk, seier Orten.

Demonstrasjonar over heile landet

Torsdag ettermiddag vart det arrangert demonstrasjonar i både Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. I tillegg vart det halde mindre markeringar over store delar av landet.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre, SV-leiar Audun Lysbakken og Raudt-leiar Bjørnar Moxnes var blant dei som heldt appellar under demonstrasjonen i Oslo.

Flytoget stod òg stille dei to timane streiken varte. Buss, trikk og T-bane stod stille i hovudstaden, men berre i ein halv time fordi Oslo Sporveier ønskte å legge til rette for demonstrantar som skulle komme seg til demonstrasjonen.

NJF har varsla at dei om nødvendig vil aksjonere ytterlegare ved å stanse alle tog i rushtida mellom klokka 14 og 16 torsdag 31. oktober.



(©NPK)