Tryggingstopp i retten: Iversen ville grisebanke Røkke

Tiltalte Jan Erik «Jannik» Iversen sa han ville «grisebanke» Kjell Inge Røkke, sa Røkkes tryggingsrådgivar Anders Snortheimsmoen i retten.
innenriks

Snortheimsmoen er tidlegare sjef for Beredskapstroppen. I retten torsdag sa han at han møtte Iversen tre–fire gonger vinteren 2018, ifølgje VG.

– Eg var leigd inn for å løyse opp i konflikten mellom dei to, og sørge for tryggleiken rundt Røkke, sa Snortheimsmoen.

– Ville grisebanke Røkke

Det første møtet føregjekk i rolege former, medan Iversen, ifølgje Snortheimsmoen, vart aggressiv under møte nummer to.

– Viss ikkje Røkke gjorde som han sa, og betalte han pengar, så ville han grisebanke Røkke og køyre han til Politihuset og dumpe han utanfor, så han kunne fortelje kva han hadde gjort, sa tryggingstoppen.

Snortheimsmoen sa vidare at han ikkje var i tvil om at Iversen hadde evne, vilje og kapasitet til å gjennomføre truslane han skal ha retta mot Røkke.

Fekk pengar i berepose

Jan Erik «Jannik» Iversen er tiltalt for å ha prøvd å presse Røkke til å betale eit tosifra millionbeløp og dessutan for å ha trua med å offentleggjere ufordelaktige opplysningar om finansmannen.

Forholda skal ha funne stad mellom november 2017 og januar 2018.

Også kunsthandlar Per Orveland vitna i retten torsdag. Han forklarte at Kjell Inge Røkke gav han pengar i ein berepose som han skulle levere til Iversen, ifølgje Aftenposten.

Beden om å levere pengar

Orveland sa òg at han vart kontakta av Røkke på starten av 2000-talet for å opprette ein kontakt mellom Røkke og Iversen, ifølgje Dagens Næringsliv.

Overfor VG har Orveland tidlegare hevda at Røkke skylde han pengar fordi han nokre år tilbake hadde fungert som mellommann mellom milliardæren og Iversen.

I retten fortalde Orveland mellom anna om ei hending frå 2005.

– Då seier Røkke at han har litt problem med Jannik. Han skulle betale han noko pengar, og bad meg om å levere, sa Orveland.

Røkke har heile tida nekta for at Iversen har hatt noka form for oppdrag for han, eller fått betalt.

Orveland var tidlegare sambuar med Røkkes avdøde ekskone.


(©NPK)