Ny forskrift sikrar britar i Noreg etter brexit

Justisdepartementet har vedtatt ei mellombels forskrift som sikrar retten til opphald for britiske borgarar som bur i Noreg, og familiemedlemmene deira.
innenriks

Forskrifta gjeld alle som har gyldig opphaldsløyve eller varig opphaldsrett i Noreg på det tidspunktet Storbritannia går ut av EU. Dette sikrar ei vidareføring av rettane for alle som har nytta seg av retten til fri rørsle, før Storbritannia går ut av EU, opplyser departementet.

Vidare gjeld forskrifta britiske borgarar som er arbeidstakarar eller sjølvstendig næringsdrivande i Noreg, men som hovudregel reiser heim til heimlandet minst éin gong per veke, og held fram med slik verksemd etter brexit.

Britiske borgarar som er tenesteytarar i Noreg og utfører arbeid på mellombels oppdrag på det tidspunktet Storbritannia går ut av EU, er òg dekt av den mellombelse forskrifta.

Forskrifta gjeld berre dersom Storbritannia går ut av EU utan ein utmeldingsavtale.


Den mellombelse forskrifta inneber ei vidareføring av eksisterande rettar, og det blir ikkje nødvendig å søke om opphaldsløyve.

(©NPK)